Musikklaget Melshorn må rekne med kalde fingrar når dei i morgon, 17. mai, skal rundt om i Hareid kommune for å spele. (Arkivfoto). Foto: Anne Gry Eilertsen

Ifølgje Yr.no blir det ikkje meir enn rundt 6 varmegarder om morgonen 17.-mai. I tillegg blir det svak vind og litt regn både i Hareid og Ulstein.

På dagtid skal temperaturen stige til 9 grader pluss, men det blir framleis svak vind og litt nedbør. Ført ut på kvelden skal temperaturen krype opp i 10 varmegrader, og sola skal inn i mellom glytte fram mellom skyene.

Det kan derfor vere lurt å ta med både bunadscapen, paraply og varme kle til borna i morgon.

Og kanskje vil varme pølser freiste meir enn is?