Garneskrysset. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Som kjent planlegg Statens vegvesen å byggje om Garneskrysset. Der skal på plass ei rundkøyring og ein kollektivterminal som skal fungere som knutepunkt for busstrafikken.

Rådmannen rår teknisk utval til å slutte seg til dei vurderingane som Statens vegvesen har gjort i høve til uttalar og merknader til reguleringsplanframlegget.

I?framlegget til vedtaket heiter det at etter ei totalvurdering per i dag ikkje er grunnlag for å regulere inn undergang for fotgjengarar og syklistar i Garneskrysset.

Teknisk utval har møte onsdag 25. januar. Dei skal der gjere si tilråding til Ulstein kommunestyret i denne saka. I sakpapira står det at administrasjonen hadde sett det som ønskjeleg at det kom undergang, men det er ikkje pengar til dette no. Argumentet for å godkjenne reguleringsplanen slik han ligg føre, er at rundkøyringa og kollektivterminalen i Garneskrysset bør kome så fort som råd, for å betre busstilbodet og hindre fleire trafikkulukker i krysset.