Ulstein Marine Technology AS er eit maritimt konsern med hovudkontor i Ulsteinvik. Sidan starten i 2000 har konsernet vore gjennom ein sterk vekst og vil i år omsetje for 350 millionar kroner. Konsernet har hatt som ambisjon å starte opp ei maritim verksemd lokalt. Dei veks ved å kjøpe opp mindre maritime bedrifter. Konsernet vil byggje seg opp som ein systemleverandør til maritim verksemd og offshore. No har dei verksemd i Myrvåg, Eggesbønes, Tromsø, Spikkestad og Hareid i tillegg til hovudkontoret i Ulsteinvik. Stig Ulstein, konsernsjef i Ulstein Marine Technology, seier at Stromek passar godt inn i lag med dei andre bedriftene dei har kjøpt opp. Stromek er eit nytt selskap som er i ferd med å utvikle utstyr som er interessante i framtida. Tidlegare eigar av Stromek, Leif Gunnar Brandal, ser positivt på denne nye og sterke eigaren. – Eg er overtydd om at Ulstein Marine Technology vil bidra til at Stromek får fortsetje å utvikle gode teknologiske og konkurransedyktige produkt både til skip og rigg, seier Brandal. I haust tok Stromek over lokala til Rolls-Royce på Hareid. Ulstein røper at dei no vurderer ei djupvasskai der. – Om Hareid vil kan det bli ein del spanande aktivitet på Hareid frametter, lovar Ulstein. Stromek har fått heilt andre og betre arbeidsvilkår gjennom flyttinga til Hareid. Men dei er ikkje heilt ferdige med flyttinga, noko av verksemda er framleis att på Skeide i Ulstein. Etter oppkjøpet får Stromek ny styreleiar. Stig Ulstein blir styreleiar og tek med seg Morten Ulstein i styret. Stig Sæther vil halde fram som dagleg leiar, og Rune Sæther som teknisk sjef i Stromek. Han er også aksjonær og vil sitje i styret. Stig Ulstein vil ikkje røpe kva han betalte for Stromek, men trur båe partane er nøgde med oppkjøpet. – Elles ville det ikkje blitt nokon avtale, slår Ulstein fast. Stig Ulstein er viss på at Stromek har mange spanande år framføre seg. Stromek er eit selskap som har vakse fort. Dei har i dag tjueto tilsette, men er på jakt etter fleire folk. Ulstein forklarer at når eit selskap veks fort treng dei gjerne å få tilført ekstra kapital til nye investeringar og nye auge med meir erfaring.