- Både Arisan-forliset i 1992 og dei siste hendingane ved Fedje bør vere nok til å drage i gang ein ny debatt om oljevernberedskapen langs kysten, og ikkje minst ein debatt om seglingsleidene utanfor norskekysten. I ein slik samanheng trur eg det er rett å setje fokus på rapporten som Det Norske Veritas og Kystverket utarbeidde i 2004, der dei mest utsette områda ved oljeutslepp vert lista opp. Dei aller mest utsette områda finn vi utanfor Runde. Havområda her er det viktigaste gytefeltet både for sild, sei og ei rekkje andre fiskeslag. I tillegg er fuglefjellet, det sydlegaste i Europa, svært sårbart for oljeutslepp. Vi har nok ikkje opplevd dei største ulukkene enda, og når den dagen kjem, håper eg det skjer langt til havs, slik at vi får tid til å reagere, seier herøyordføraren.