Mykje folk hadde møtt fram på Dronning Sonjas plass i Ålesund for å vere med på dobbel namneseremoni. Tide Sjø skal frå nyttår trafikkere sambanda Langevåg-Ålesund og Hareid Sulesund. Sulabåten "Tidevind" har plass til 179 passasjerar og er bygd ved verftet Brødrene Aa. Breisundbåten "Tideekspressen" har plass til 296 passasjerar og er bygd ved Oma Baatbyggeri i Hordaland. Tide Sjø skal også trafikkere snøggbåtsambanda Nordøyane og Molde Vestnes, og Brødrene Aa og Oma Baatbyggeri har fått oppdraget med å byggje også desse båtane. God oversikt "Tideekspressen" har blitt ein flott båt. Ikkje minst på innsida. Store vindaugsflater på begge sider av båten gir betre utsyn enn på dagens "Hjørungavåg". I tillegg er gangen, der passasjerane skal setje frå seg bagasjen, betre integrert i innemiljøet. At det også blir betjent kiosk om bord i Tideekspressen, er det nok også mange som vil meine er ein fordel. Salongen i 2. etasje har også store vindauge, men ikkje å ha plass til så mange passasjerar som "Hjørungavåg". Til gjengjeld har nokre av seteradene fått bord. Arne Haljem har vore oppfølgjingskaptein under byggjeperioden ved Oma Baatbyggeri. Han opplyser til Vikebladet Vestposten at snøggbåten vart overlevert frå verftet for to månader sidan, og at han sidan har blitt testa ut mellom Bergen og Stavanger. – Båten får veldig mykje skryt, og er svært god i sjøen. I samband med dåpen gjekk vi over Stadten med han i halvdårleg ver, og det var ikkje problem i det heile. Dagleg leiar Gustav Oma ved Oma Baatbyggeri takka Tide Sjø for oppdraget, og understreka at "Tideekspressen" er utrusta med alt som finst av moderne utstyr for ein snøggbåt. – Han skal bli ein både hurtig og tenleg båt til folk i distriktet, lova Oma. Ordførar Hans Gisle Holstad i Hareid heldt tala både for Hareid kommune og Jan Helgøy, leiar i Søre Sunnmøre Regionråd. Holstad hadde merka seg at ordet "ekspress" kan bety både hurtig, samband, utan opphald, med ilbod og i beste hensikt. – Ordet har dermed ei flott målsetjing: å frakte folk sikkert og trygt mellom Hareid og Ålesund, sa Holstad. "Timeekspressen" Men ordføraren nytta sjansen til å kome med eit ei oppmoding til dei styrande: – Eg skulle ønskje "D-en" i Tide vart bytta ut med ein M, slik at vi fekk Timeekspressen mellom Hareid og Ålesund. Det hadde vore framtidsretta, slo han fast, og overrekte eit bilete med motiv frå slaget i Hjørungavåg til kapteinen på "Tideekspressen".
Nyhende →
Tideekspressen snart klar for Breisundet
Under namneseremonien i Ålesund onsdag opplyste administrerande direktør Geir Aga i Tide sjø at "Tideekspressen" har gått i flaggruta Bergen-Stavenger i to månader og at båten er så god at mannskapet ikkje hadde lyst til å levere han frå seg. 1. januar er han klar til å bryte bølgjene i Breisundet.