Møre og Romsdal fylke arbeidar for å få statusen som pilotfylke på området fornybar energi. Som ledd i den satsinga er det peika ut tre kompetansesenter innan vindenergi, bioenergi og havenergi. Smøla fekk kanskje ikkje uventa basen for kompetansesenteret knytt til vindkraft, og Tingvoll vert staden for utvikling av bioenergi. Kompetansesenteret innan havenergi vert altså Runde miljøsenter. – Vi har allereie gjort utgreiingar for fylket vedrørande bølgjeenergi, og har med det skaffa oss kompetanse innan det området. Ein må vel også gå ut ifrå at satsinga til Tussa og Vattenfall på utprøving av bølgjekraftverk ved Runde, òg har vore med på å danne grunnlag for fylket sitt vedtak, seier dagleg leiar, Nils Roar Hareide, til Vestlandsnytt. Fylket har teke initiativ til eit forprosjekt med ei startløyving på 90.000 kroner. Herøy kommune, Tussa, Rolls-Royce og Vattenfall er òg inne med tilsvarande beløp. Konklusjonen i forprosjektet er avgjerande for kor store summar fylket etter kvart vil skyte inn til investering og drift. Målet for Runde Miljøsenter er i framtida å få status som offisielt testområde for teknologi knytt til bølgjekraftproduksjon.
Nyhende →
Satsar på havenergi på Runde
Møre og Romsdal fylke har peika ut Runde Miljøsenter som framtidig kompetansesenter for havenergi. Dermed følgjer også løyvingar til både investering og drift.