Bjarne Wærdahl vil konsentrere seg meir om eigne selskap, og sluttar i Fantastiske Osberget. (Arkivfoto).

Wærdahl har vore seniorrådgjevar og tekstforfattar i Ulsteinvik-bedrifta Fantastiske Osberget, som på få år har vakse til å bli ei bedrift med om lag 28 tilsette.

For Wærdahl vart etter kvart det ekspansive miljøet eit problem, for leiinga ville han skulle jobbe endå meir. Med fleire eigne selskap som skal skjøttast, måtte han derfor trappe ned i Fantastiske Osberget.

– Eg kan ikkje drive verken eigedomsselskapet Convex Eigedom, investorselskapet Solnes as eller hotellselskapet Quinta Soria Moria LDA i Portugal med venstrehanda, forklarer han.

– I Fantastiske Osberget har eg hatt flotte arbeidskameratar og Åge Grimstad er herleg å jobbe saman med, legg Wærdahl til, som opplyser at han skal jobbe litt for dei som frilansar, og at han framleis skal dyrke kontakt med nokre av kundane deira.