Hareid kommune er ein av dei kommunane her i landet som blir hardast råka av pensjonssjokket i 2012. Foto: Leiv Arne Grimstad

Kommunal Rapport har laga ei liste over dei kommunane i landet der premiane til kommunale pensjonsordningar har størst prosent-del av kommunen sine brutto driftsutgifter. Her ligg nordlandskommunen Rødøy på 1.-plass med 15 prosent. Deretter Hareid og Vanylven på dei to neste plassane med ca 14 prosent begge - medan Ulstein er neste kommune på lista, med 12 prosent, som også Hornindal har. I den andre enden ligg fem kommunar der pensjonspremiane i dag utgjer berre 4 prosent av brutto driftsutgifter: Halden, Moskenes, Oslo, Grane og Utsira. Kommunal Rapport forklarer pensjonssjokket med at Finanstilsynet har bestemt at den garanterte avkastinga i livsforsikring skal ned frå 3 til 2,5 prosent frå 2012. Dette fører til 10 prosent høgare pensjonspremiar enn i dag, har KLP rekna seg til. Storebrand stadfestar at premiane kjem til å auke mellom 11 og 12 prosent i 2012. Effekten av endringa blir svekka likviditet i kommunane.