Nav melder at det var venta at arbeidsløysa skulle stige kraftig frå desember til januar. – Det er som venta at me finn størst auke i talet på nye ledige frå industri og innan bygg og anlegg, seier Rolf Michael Lossius som er avdelingsdirektør i Nav Møre og Romsdal. I januar 2010 var det 3612 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal, noko som utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein auke på 40,9 prosent samanlikna med i fjor. Hareid har til saman 77 ledige, ein meir enn førre månad. Det utgjer 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Ulstein har til saman 51 ledige, ein meir enn førre månad. Det utgjer 1,4 prosent av arbeidsstyrken. I Herøy og Sande kommune har arbeidsløysa gått litt ned. Dei har ein ledig mindre i kvar kommune samanlikna med førre månad. Der er arbeidsløysa på 1,7 prosent. Volda kommune har fått 25 fleire ledige siste månaden. Ørsta kommune har fått 17 fleire ledige siste månaden. Volda har då ei arbeidsløyse på 2,3 prosent, Ørsta på 2,6 prosent. Vanylven har no 27 ledige, fire fleire enn i desember. Dei har ei arbeidsløyse på 1,5 prosent.
Nyhende →
To fleire ledige på Hareidlandet
Arbeidsløysa i Noreg held fram med å stige. Ulstein og Hareid kommune har fått ein arbeidsledig ekstra kvar siste månaden.