Vi fekk opplyst at heile 66 barn og unge deltok på rennet som Dimna IL stod bak. Røde Kors hadde køyrd opp løyper, og forholda var midt i blinken for å arrangere eit ekte skirenn.
Medalje i premie
Dei yngste deltakarane er berre tre år gamle, medan dei eldste er i ungdomsskulealder. Alle barna fekk utdelt medalje etter at dei hadde fullført skirunden. Det såg ut til å vere ei populær belønning. Det skadar heller ikkje med ei kopp varm kakao når ein har nådd målstreken. Vi kjem tilbake med reportasje frå rennet i papiravisa.