Hytteforeininga har 28 medlemer og i eit brev til Hareid kommune uttrykkjer dei sterk misnøye over å få torskemærane til Branco så tett inn på seg. Engeskaret er regulert til hytte- og fritidsområde, og det kan følgjeleg ikkje plasserast merdar rett utanfor hyttefeltet. Men Branco har fått løyve til å drive oppdrett ved Haggardsneset og Lågåsen. Dermed kan hyttefeltet i Engeskaret kome til å bli omringa av torskemærer på begge sider. Styreleiar Jostein Velsvik i Engeskaret hytteforening likar utviklinga dårleg. Utanfor Haggardsneset er det alt kome opp fortøyingar og ein del mærer, og synet av dei uroar han. Skremmande Når eg ser resultatet er det grunn til å bli bekymra. Anlegget går langt ut, og det kjem til å bli svært dominerande. Det er rett og slett skremmande, meiner han. Sjølv om både grunneigarar og hytteeigarar har protestert tidlegare, har søknadene frå Branco gått gjennom hos styresmaktene. Når Hareid kommune har lagt Engeskaret ut til hytte- og fritidsområde, må vi kunne vente at det skal gå an å fare på sjøen for å fiske seg matfisk utan at den er uvetande grunna forureining frå oppdrettsanlegg. Med dei avstandane vi må halde oss til ved slike anlegg, er det snart ikkje friområde att, kommenterer Velsvik. Branco har også søkt om konsesjon utanfor Hjørungneset, og Engeskaret hytteforening meiner politikarane i Hareid no må setje ein stoppar for utbreiinga av mærer i området. Det er urovekkjande dersom politikarane er så lite medvitne at dei opnar for oppdrett frå Alme til Hjørungneset. Det er haldningslaust å regulere om frå friluftsliv til industri så snart Branco knipsar med ein finger, meiner Jostein Velsvik.