Det var i magasinet ”Søndag” i Dagbladet i dag, at galleriet til Hugo Opdal vart sett på ein andreplass på avisa si internasjonale trendliste for 2010. Lista tek for seg 50 ting, stadar, menneske og trendar på verdsbasis som Dagbladet sitt panel har trua på i det komande året. Og Studio Hugo Opdal kjem altså ut som nr 2. Hovudpersonen sjølv, var naturleg nok svært glad over nyheita, og vedgår at han ikkje var klar over det før han las det i avisa. - Heilt fantastisk! Dette er utruleg gøy, strålar Opdal over telefonen. - Eg er overraska, for eg viste ingen ting på førehand. At folk i Oslo legg merke til arbeidet mitt betyr mykje – ikkje minst er det inspirerande og ei anerkjenning som gjer at ein får lyst til å stå på endå meir og jobbe hardare, seier Hugo Opdal.

Hardt arbeid

Det er i det heile tatt oppsiktsvekkande at eit lite galleri på Flø får såpass med publisitet, langt unna galleriløypa i Oslo sentrum, for eksempel. Mykje av dette har med personen Hugo Opdal å gjere, som i fleire år no har lagt ned eit stykke hardt arbeid. - Eg er kompromisslaus og har jobba knallhardt over langt tid utan noko form for statsstøtte, derfor får eg no resultat. Mellom anna har vi ein av verdas åtte Moods of Norway-butikkar, og det er noko vi legg vekt på – å vere ekslusive og unike.

”Go With the Flø”

Alt ligg til rette for at 2010 vil bli eit fantastisk år for Studio Hugo Opdal. Galleriet er fullbooka ut året, og til sommaren – 5. og 6. juni – går festivalen ”Go with the Flø” av stabelen, med blant anna Moods-gutane, Magne Furuholmen og Damien Hirst. Store namn står altså på plakaten. Det einaste som bekymrar Hugo Opdal no, er lokalet, eller rettare sagt, mangelen på store nok lokale. For suksessen med det vesle galleriet har gjort at plassmangelen er præker. - Det må helst skje noko snart, for det hastar med å ekspandere. Men vi får sjå kva som skjer, seier Opdal. Opdal fortel at han har fått tilbod frå Ålesund kommune som har tilbode han meir plass, men sjølv er han klar på at han helst vil halde fram med Flø-konseptet. - Det er eit enormt marknadspotensiale i galleriet, så eg håper sjølvsagt på litt hjelp i frå kommunen. Litt økonomisk støtte har han likevel fått, i form av 50.000 kr frå fylkeskommunen. Dette vil gå til å vidareutvikle galleriet, blant anna inn mot festivalen. - Men 50. 000 kr i ein slik samanheng er ikkje spesielt mykje, vedgår han. Søndagens nyheit gjer uansett at Studio Hugo Opdal fekk ein framifrå start på det nye året. - For ei opning på det nye året! Eg er stolt, avsluttar Hugo Opdal, vel vitande om at galleriet hans ser ut til å gå inn i det nye tiåret meir populære enn nokon gong.