Goksøyr seier til avisa Vestlandsnytt at det i Fiskeridepartementet for tida ikkje er vilje til å satse på Møre og Romsdal i denne samanhengen. Statssekretær Vidar Ulriksen ville ikkje snakke om anna enn rullering av transportplanen, og det skjer først i 2013. Utdjuping av Fosnavåg hamn stod på programmet for første del av planperioden, men vart nedprioritert av den føregåande fiskeriministeren for å få plass til eit moloanlegg i Troms.

Ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy måtte reise heim frå Oslo utan å få drøfte hamneprioritering med fiskeriministeren.