Saunesparken er eit samarbeid mellom Saunes grendelag, Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke og ein del private investorar. Parken skal kome sør for Quality Hotel Ulstein og Sjøborg kulturhus, og vere open for alle.

Parkanlegget vil romme to banar for gatebasket, petanquebane, to sandvolleyballbaner, kunstgrasbane og leikeområde.

I utkanten av parkanlegget vil det vere parkeringsplassar, mellom anna to handikapplassar, skriv Ulstein kommune på nettsida sine.

.

- Dette blir veldig bra

Jon Åge Eidem i grendelaget fortel at no er dei i mål med finansieringa av parken. Prislappen kjem på 5,5 millionar. Om nokon fleire vil gje pengar, er dei hjarteleg velkomne til det. Då blir parken endå betre.

Dei siste midlane som kom inn var 500 000 kroner frå Ulsteinvik Utvikling.

Etter planen opnar parken i august i år.

- Då blir det Grand-opning for mange inviterte gjester, spesielt for sponsorane, seier ein nøgd Eidem som har stor tru på prosjektet.

Dette er ein park som skal brukast, til alt frå konsertar, til kick-offar for bedrifter og til kvardagsleg fritidsbruk. Parken blir bygt i solide materiale, så det er ein park som tåler bruk og varer ein del år.

- Det skal vere kvalitet når det er Ulsteinvik, avsluttar Eidem.