Kaptein Trygve Valø, dagleg leiar Lars Lühr Olsen i Blue Ship Invest, gudmor Kathrine Gåsvik Ulstein, administrerande direktør Karsten Sævik og prosjektleiar Per Svein Brekke framfor Blue Fighter Foto: Anne Gry Eilertsen

I dag var det dåp ved Ulstein Verft. PSV-skipet med det den nye designen PX121 frå Ulstein, er kontrahert av selskapet Blue Ship Invest. Bak dette selskapet står familien til Idar Ulstein.

På slutten av 2010, då Ulstein Verft stod framfor eit slepp i produksjonen, bestemte selskapet seg for å kontrahere to skip ved Ulstein Verft. Det første vart altså døypt i dag, og skal overleverast måndag. Nummer to har overlevering i august i år.

I alle fall inn til vidare blir Remøy Shipping management for "Blue Fighter". Men konsernsjef Gunvor Ulstein og visekonsernsjef Tore Ulstein opplyser at dei er ute i marknaden etter ein kjøpar til skipet.

- Før vi kontaherte skipa gjennomførte vi ein marknadsanalyse, og vi konkluderte med at det vil vere god bruk for skip av typen PS 121, mellomstore plattform forsyningsskip, opplyser Tore Ulstein.

Sjå papirutgåva laurdag.