- Eg er veldig glad for at vi har fått gjort dette. Eg set stor pris på det gode samarbeidet vi har hatt med Språkrådet. Eg vil òg nemne at det var Anders Folkestad i UNIO som kom med ideen. Ein svært god ide, seier fornyings- og administrasjonsministeren. - Dette er eit gledeleg politisk initiativ som eg vil rose startsråden for, og det skulle berre mangle at ikkje vi stiller opp i slike samanhengar, seier Sylfest Lomheim, direktør for Språkrådet.

Hovudavtalen

Hovudavtalen beskriv korleis forhandlingar skal gjennomførast, den beskriv rettar, plikter og hevdvunnen praksis. Populært kan ein seie det er ein slags "skikk og bruk" for partane i arbeidslivet. Hovudtariffavtalen inneheld alle dei avtalar som er forhandla fram mellom partane; om lønn, kompensasjonar mv. Begge dokumenta gjeld for staten, men vert nytta retningsgivande også av partane i privat sektor og innanfor kommunesektoren.