Politiet hadde promillekontrollar på fleire plassar i Hareid og Ulstein laurdag mellom klokka 8 og 16. 146 bilar vart kontrollerte. 1 førar er sikta for promillekøyring, 1 førar hadde ikkje gyldig førarkort og 1 førar hadde manglande sikring av eit barn i bilen. Torsdag kveld vart ein bilist stoppa på Hareid etter at politiet fekk rapport om merkeleg køyring. Politiet tok blodprøve av sjåføren, og det er mistanke om promillekøyring.