Onsdag rundt klokka 08.00 braut det ut brann i eit av dei gamle rekkehusa på Holstad, Hareid. Brannvesenet kom fort til staden og fekk røyken og elden under kontroll. Men kjøkenet, der brannen starta, fekk store skader. Ei mor og eit barn var i leilegheita då brannen starta, men dei kom seg uskadde ut. Ei stund var det fare for at elden skulle spreie seg til dei andre husværa i rekkehuset. Det er Hareid kommune som eig rekkehusa, men etter planen skal Grønmyr Barnehager ta over bygningsmassen. Partane har imidlertid vore usamde om prisen.