– Det har vore ein lang prosess, men det er med glede at vi endeleg kan meddele at Elkjøp flyttar inn i 2. etasje på Blåhuset, smiler Pergunn Rødseth Gjerdsbakk i Ulsmo Eiendom. Arild Holen, som er nytilsett varehussjef ved Elkjøp Ulsteinvik, fortel at flyttinga er ein del av strategien til Elkjøp Norge AS, om å leggje inn ei storsatsing på varehusdrifta i Ulsteinvik. Med ny leiing i Elkjøp Ulsteinvik, håpar Holen på ein ny og frisk start i sentrum. – Eg veit at Elkjøp i Ulsteinvik ikkje har hatt noko godt rykte på seg dei siste åra, men det tynnslitne renommeet vil vi endre på. Målet er sjølvsagt å skape ei god oppleving for kundane, vere best på pris og varesortiment, og ikkje minst levere god service. Eg veit at det er det som må til for å ta marknadsdelar frå den største konkurrenten vår, Expert, seier den nye varehussjefen som er sikker på at konkurransen mellom dei to elektrokjedene vil kome kundane til gode. I HUS FØRST BEST Ombygginga ved Blåhuset skal starte omgåande slik at Elkjøp kjem i hus så raskt som råd. Rødseth Gjerdsbakk vil ikkje setje ein innflyttingsdato, men understrekar at elektrokjeda skal vere inne før sommaren. – Vi køyrer på til vi er i mål vi no. Det er ein del teknisk og bygningsmessig som må på plass før vi kan setje ein dato, fortel ho. Til no har det vore ei intern omlokalisering blant nokre av butikkane på Blåhuset. "Best Fashion" og "In" flytta til den andre enden i 2. etasje, og no står "Sunnkost" for tur. TØRRSKODD FRÅ A TIL B Ein skulle kanskje tru at det vil verte vanskelegare å drive med vareutlevering og mottak i eit kjøpesenter, men Holen forsikrar at dette vert løyst på ein god måte, og meiner tvert imot at det berre vil vere ein fordel å vere sentrumsnære. – Vi er no inne i ein klareringsprosess, der alt dette vil falle på plass. Vi vil sjølvsagt finne ei løysing på deponi av elektriske artiklar slik som vi er pålagde å ta imot, seier Arild Holen. – Vi har heis som kan frakte varene heilt ned i parkeringsgarasjen, dermed kan kundane vere sikre på å få ein tørrskodd handel frå no av, smiler senterleiar Diana Moldskred. FULLT KJØPESENTER Når Elkjøp kjem på plass, vil Blåhuset vere fullt av butikkar, noko senterleiaren er storfornøgd med. – Vi arbeider heile tida med å tilby det beste butikktilbodet for kundane våre, og sjølv om Blåhuset no vert fullt, så skjer det frå tid til annan endringar i samansetninga av butikkane. Ikkje nødvendigvis på grunn av konkursar, men også på grunn av naturlege avgangar og oppstartar. Så vi ligg ikkje på latsida, avsluttar senterleiaren engasjert.