Helsesjef Torbjørn Måseide i Ulstein kommune forklarer at rotter gjerne held til i nærleiken av sjø, i nedre del av sentrumsområdet. Når det no går føre seg ein del graving i dette området i Ulsteinvik, blir rottene huslause og trekkjer oppover. I samråd med Skadedyrkontrollen utvidar Ulstein kommune området dei kjempar mot rottene. Skadedyrkontrollen har sett ut 170 metallkasser til å kjempe mot skadedyra.

Rottegift

Små metallkasser blir skrudd opp på murar og bygningar i sentrumsområdet og litt oppover. I kassene ligg det fôr med gift mot mus og rotter. Hola i kassene skal vere så små at ikkje born, katter eller hundar får i seg gifta. Med jamne mellomrom skal Skadedyrkontrollen kontrollere kassene og fylle på med ekstra fôr når det trengst. Når ein boks er tom er det eit teikn på at rottene har ete maten, og slik døy. På dette viset vonar Skadedyrkontrollen at dei får kontroll over rotteplagene. Måseide forklarer at når rottene blir dårlege av gifta, vil dei trekkje ut av husa for å døy.

Skeptiske rotter

Når slike kasser blir skrudd opp, vil rottene vere skeptiske i starten til dei. Men etter kvart som tida går, stoler rottene meir og meir på kassene. Når rottene er trygge på kassene, vil dei oppsøkje dei og gå inn der for å finne seg mat. Måseide seier at Skadedyrkontrollen skal ha informert alle grunneigarar som får slike boksar på tomtene sine, anten gjennom brev eller via oppslag på postkassestativa.

Rask i sentrum

Så lenge innbyggjarane i kommunen kastar restar frå gatekjøkkenmat og anna rask i gatene, lever rottene herrens glade dagar. Dei har då nok av mat å ta av, og formeirer seg hurtig. Eit rottepar kan under gunstige forhold få 1000 ungar på eit år. Helsesjefen ønskjer dunkane frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk velkomen. Han ser dei som viktige i kampen mot rotteplagene. Dunkar er ikkje like lett å gå laus på for rotter på jakt etter mat, som sekker. Måseide kan opplyse om at kommunen har ein avtale med asylmottaket Link om å rydde strekninga frå Osnessanden til Lidl på Saunes ein gong i månaden. Men dette held ikkje. Her meiner Måseide at forretningane må vere med å bidra til å halde det reint og ryddig rundt forretningslokala sine, så ikkje søpla blir liggjande ein månad før det blir plukka opp. Vidare oppmodar han folk til å ikkje slenge frå seg søppel på gata. Målet er at Ulsteinvik skal bli ein av dei reinaste småbyane i Noreg. Både av hygieniske årsaker som at me ikkje skal fôre skadedyra. Men òg av estetiske grunnar. Folk held det reinare rundt seg når dei alt har det ryddig rundt seg, melder Måseide. Helsesjefen påpeiker at det normalt ikkje er kommunen sitt ansvar å kvitte seg med rotter. Men situasjonen som har oppstått i Ulsteinvik grunna all gravinga i sentrum, gjer at kommunen tek tak i dette problemet.