Avdelingsbanken Sunnmøre Sør omfattar kontora i Volda, Ørsta, Hareid og Ulsteinvik. Samla utlån og garantiar var ved årsskiftet 4,44 milliardar. Innskot frå kommunar, bedrifts- og personkundar utgjorde 1,8 milliardar. Såleis måtte Nordea tilføre marknadsområdet vårt med over 2,6 milliardar kroner i 2006. Pengane har bidrege til å realisere investeringar gjort av personkundar, næringsliv og kommunar. Næringslivet etterspurde finansiering i sterkt auka grad. Eigedomssegmentet og leverandørindustrien synte størst investeringsvekst i fjor. Lån og kredittar til dei store skipsutstyrsleverandørane og verfta heldt seg på eit høgt nivå, men er halde utanfor desse tala. Dei blir bokførte i ei avdeling i Ålesund, som ikkje ligg under denne avdelinga i Nordea.

Investerer i framtida

Banksjef Bergsvein Øvrelid kan opplyse om at utlånsveksten for personkundar er jamn. Bedriftskundane byggjer hus som står ferdige i år og åra frametter. Såleis ventar Nordea seg auka etterspurnad frametter frå dei private kundane om bustadfinansiering. Bustadprisane stig jamt og trutt, men Bergsvein er ikkje uroa for om kundane vil greie låna sine. Han meiner sikringsmarginen mot renteoppgang når dei tek opp lån er såpass god, at det ikkje skal vere noko problem om renta stig. Tap på utlån til personmarknaden har vore så godt som fråverande, mykje takka vere eit svært lågt rentenivå og minkande arbeidsløyse, slår Øvrelid fast. Den høge sysselsetjinga gjer at det er meir pengar i omløp mellom folk. Thomas Lundberg fortel at folk har fått eit høgare medvit når det gjeld pensjonssparing. I samband med den nye pensjonsreforma vart det mykje blest i media om pensjonssparing, noko som førte til at fleire byrja spare på eiga hand. Folk sparer i aksjefond, ulike spareprogram og pensjonssparing i forsikring. 90 bedrifter i nedslagsfeltet til avdelingsbanken valde Nordea som leverandør av Obligatorisk Tenestepensjon i 2006.

Bedriftene sparer mindre

Innskot frå bedriftskundar har minka. Bedriftene investerer heller pengane i bedrifta enn å setje pengane på bok.

Fleire rikingar

For eit par år sidan lanserte Nordea eit eige eksklusivt tilbod for formuande kundar. Dei som har minst 1,25 millionar kroner i plasserbar formue, kan få rådgjeving frå ekstra kompetente rådgjevarar i banken om investering. Dette er ei teneste kundane betaler for, men då får dei òg råd når det gjeld investeringar, arv og så bortetter. Øvrelid fortel at kundar med store formuar er ei stadig veksande gruppe, men han vil ikkje røpe kor mange slike kundar dei har i Ulstein og Hareid.

Optimistiske

Banksjefane i Nordea er optimistiske når dei ser inn i framtida. Dei spår at entreprenør/byggjebransjen vil halde fram med å ha eit høgt aktivitetsnivå. Industrien, og ikkje minst leverandørindustrien, vil ha høgt aktivitetsnivå, men tilgangen på kompetente arbeidskraft vil avgrense høva til vekst. Har de sjølv dei folke de treng? Ja, no har me faktisk dei folka me treng, smiler Bergsvein Øvrelid. Banken har nyleg fått på plass fire nytilsette. Det er Øvrelid strålande nøgd med. Aage Nytun, Thomas Lundberg og Bergsvein Øvrelid er imponerte over det store pågangsmotet og viljen til å satse som ligg i bedriftene på Sunnmøre. Med eit slikt næringsliv ser dei lyst på framtida.

Nordea har fire nytilsette. Einar L. Olsen, Marit Heltne Aursnes, Laila Muren og Gisle Jonberg.