Tor Meinseth (H) og Knut Erik Engh (Frp) vil ha betre utnytting av areal når det blir regulert inn bustadtomter i sentrumskrinsen i Ulstein kommune. (arkivfoto) Foto: Ingvild Myklebust

Engh og Meinseth er positive til å regulere inn bustadtomter i Osnesbakkane, då det i dag er ein stor mangel på bustadtomter i sentrumskrinsen. Men dei meiner området er foreslått til å bli for lite utnytta,

I staden for å regulere inn tre bustadtomter som varierer mellom 1,1 daa og 1,4 daa, vil ikkje dei ha større tomter enn 700 kvm. Det stemmer òg med føresegnene til den nye kommuneplanen som er under handsaming.

Dei meiner vidare at små, inneklemte friområde berre fører til attgroing og rot, så det vil dei ikkje ha.

Dei tillet seg difor til å leggje ved eit alternativt framlegg til reguleringsplan der det er teikna inn seks tomter i staden for tre.

Framstegspartimannen og høgremannen legg òg til at planområdet ideelt sett burde vore utvida, på det viset ville området bli betre utnytta til bustadbygging.

Tor Meinseth (H) og Knut Erik Engh (Frp) vil ha betre utnytting av areal når det blir regulert inn bustadtomter i sentrumskrinsen i Ulstein kommune. (arkivfoto)