To personar er sende til sjukehus etter ein eksplosjon på brannstasjonen i Volda, skriv NRK Møre og Romsdal

Politiet fekk meldinga om eksplosjonen klokka 13:10 i dag, søndag.

SMP.no skriv at dei to mennene som vart skadd er i 30- og 40-årsalderen. Dei arbeidde inne på brannstasjonen når ulukka inntraff. Tilstanden til dei ein av dei to skadde skal vere alvorleg, men ikkje livstrugande.

Eksplosjonen førte til brann i både brannstasjonen og rådhuset i Volda.