Klokka ti i føremiddag køyrde ein personbil i fjellveggen i Eiksundtunnelen. Då ambulanse og politi kom til staden, hadde føraren forlatt bilen på eiga hand. Så politiet reknar med at vedkomande ikkje kan ha vore så alvorleg skadd.

Det stod lange køer med bilar utanfor tunnelen som venta på å få køyre gjennom Eiksundsambandet.

Men no er bilen frakta ut av tunnelen, og tunellen opna att for trafikk klokka 11.50.

Det blei lang kø som følgje av ulukka. Foto: Joar Drønnesund
Politiet var og på staden. Foto: Joar Drønnesund