Akkurat som Ålesund arrangerte Cutty Sark i 2001, tek Måløy imot skipa frå årets konkurranse denne veka. – Store byar i Europa slåst om å få arrangere dette, i år er det altså Måløy. Vi vert den minste byen som nokon gong har hatt dette arrangementet, slår prosjektleiar Helge Hjelle fast.

Ulstein-båt på deltakarlista

Også Ulstein-båten Auno er med i seilasen som kom frå Liverpool denne veka. Den er ein klasse-b-båt med Ottar J. Aare som skipper, og er av dei minste av konkurransen sin 74 deltakande båtar. Mandag ettermiddag reiser alle båtane vidare til Bergen. Denne delen av seilasen er ikkje konkurranse, men ein vennskapleg seilas. Konkurransen avsluttast med ei etappe frå Bergen til nederlandske Den Helder.