I år som i fjor arrangerer Honningcentralen NM i honning. Årets meisterskap er lagt til Matstreif på Rådhusplassen i Oslo, 7. og 8. september. NM blir arrangert i samarbeid mellom nemnde Honningcentralen, Norges Birøkterlag, Oslos urbane birøkterlag, miljøorganisasjonen ByBi og Nyt Norge.

Nominasjonane er allereie klare, og Lars Inge Breivik frå Dimnøya er nominert i to kategoriar, prisen for årets birøktar og prisen for beste honning.

Breivik har i årevis jobba utrøytteleg for å halde biesjukdomar vekke frå Nordvestlandet, men har også vore til stor hjelp for andre birøktarar gjennom kursing og støtte.

Sidan 1994 har Lars Inge halde nybyrjarkurs, kurs i dronningavl, voksbehandling og driftsopplegg for honningbehandling saman med Vidar Kalland. Breivik og Kalland har gjennom åra skipa til og heldt kurs for over 600 deltakarar over heile fylket.

Starta i 1974

Lars Inge Breivik starta med bier i 1974 og melde seg inn i birøkterlaget.

Han var i si tid med på å starte Søre Sunnmøre Birøkterlag, og var styremedlem frå starten av. Breivik var leiar i birøktarlaget frå 1994, og blei då også leiar i Møre og Romsdal Birøkterlag - og blei i tillegg styremedlem i Norges Birøkterlag i 4 år. I denne perioden var han også leiar i redaksjonskomiteen for Birøkteren.

Før Mattilsynet tok over, var også Lars Inge hjelpetilsynsmann hos Bitilsynsmannen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Heldt varroamidden unna

Middtypen varroamidd går til angrep på honningbier. Då denne middtypen kom til Norge stod Lars Inge Breivik i bresjen for å halde Vestlandet fritt for den. Dette førte til stort engasjement blant birøktarane på Austlandet, som hadde vandra og ville halde fram med å vandre til lyngområda på Mørekysten. Det førte også til mange trugslar mot Lars Inge personleg, frå aust og frå dei i vest, då han ville halde på sperrelinja langs fylkesgrensa.

Vestlandet har vore fri for varroamidden i 25 år.

Då ordninga om sertifisering av birøktarar kom i 2009, vart Lars Inge Breivik sertifisert med ein gong. Dei fire siste åra har Breivik vore lokallagsleiar igjen, og trappa opp kurs- og medlemsmøteverksemda betrakteleg. I same perioden auka medlemstalet frå 18 til 52 på eit par år. Dei årlege birøktartreffa i Norddal og Tafjord, som han var initiativtakar til, har auka frå 6 deltakarar for 25 år sidan til over 50 frå heile fylket i år.

(Kjelde: nominasjonsteksten)