– Vi hadde ein veldig fin start på skuleåret, oppsummerer rektor på Bigset skule, Vivian Johansen, når skuledagen er ferdig.

– Her på Bigset følgde vi tradisjonane med flaggheising og samlingsstund, fortel ho.

På skulen hennar tel førsteklassa ni elevar. Det er litt færre enn det som har vore vanleg.

– Ja, dei siste åra har vi hatt mellom 13 og 20 førsteklassingar, seier Johansen.

Færrast i Brandal

Den minste førsteklassa på Hareidlandet starta skulegangen sin på Brandal Friskule. Lilly, Mikael og Camilla utgjer klassa. Det totale elevtalet på skulen er no 28.

I Hjørungavåg er det elleve førsteklassingar, medan Hareid skule har 35.

På Haddal er det åtte elevar i førsteklassa, Ulstein skule har tolv, Hasund 25 og Ulsteinvik 57.

– Her i Ulstein kommune har vi 102 førsteklassingar, og det vil eg seie er eit vanleg kull. Onsdag skal rektorkollegiet ha møte for å oppsummere skulestarten, men eg trur det har gått greitt, seier Nils Ertesvåg, konsulent på skulekontoret i kommunen.