Opprykksrivalen Skeid sin trenar, ingen ringare enn Tom Nordlie, er kritisk til at Hødd fekk flytta bortekampen sin mot Vålerenga 2. Vålerenga leverte på si side inn protest til NFF.

– Hødd bryt ikkje reglementet, men spekulerer i det for å møte lettast mogleg motstand, seier Tom Nordlie i eit intervju med Dagsavisen (ekstern lenkje, for abonnentar).

Hødd har flytta kampen med heimel i NFF sitt regelverk kring «reisebelastning». Sportssjef i Hødd, André Nevstad avviser at Hødd spekulerer i VIF 2 sitt laguttak.

– Nei, det er for enkelt. Terminlista i 2. og 3. divisjon er krevjande, og denne diskusjonen starta jo allereie på terminlistemøtet mellom klubbane i januar. Vi har også eit andrelag å ta omsyn til. I vårrunden måtte vi til Oslo med andrelaget vårt for å spele mot Ullern dagen før A-kampen mot Vålerenga 2. Då syntest vi det var rimeleg at vi snur på det i haustrunden. Difor møter vi VIF 2 på laurdag no, medan vi har Ullern med andrelaget her heime søndag

Vålerenga 2 kjempar for å unngå nedrykk, og i praksis betyr flyttinga av kampen at 18 spelarar som blir tatt ut i A-troppen mot Brann ikkje er med i kampen mot Hødd laurdag.

NFF på si side støttar Hødd, og meiner kampflyttinga er heilt innanfor reglementet.

Hødd møter Vålerenga 2 borte laurdag, og kampstart er klokka 16.00. Denne kampen blir også vist på storskjerm i teltet under Trebaatfestivalen.

Hødd 2 møter Ullern søndag, og kampstart på Høddvoll er klokka 17.00.