I ettermiddag var rundt tretti ølentusiastar, bryggjarar og historikarar samla i eit festivaltelt i Gjerdsbakkane. Dei feira at den tyske reinheitslova var 500 år i dag.

Lova stammar frå Bayern i Tyskland, og regulerte både pris og ingrediensar i ølet som skulle lagast.

Dei tre ingrediensane bygg, humle og vatn var det einaste som skulle vere med.

‐ Det var ikkje så enkelt som at dette var for forbrukaren sitt beste, men også for å sikre at dei dyrare kornslaga, som kveite og rug, ikkje vart brukte til øl, seier historikar Gudmund Valderhaug, som gav forsamlinga ei historisk innføring og var med på feiringa.

I Noreg vart reinskapslova innført i 1857, og ho varte heilt til 1994.

Laurdag 2. april var det bryggedag, der dei i "Indre Dimna Nanobryggeri" laga øl etter den tyske reinheitslova, ein "kellerbier" (kjellarøl).

Dette ølet drakk dei i dag, i tillegg til at dei drakk øl dei hadde med seg sjølv. Nokre hadde brygga øl sjølve som dei lot andre smake på, andre hadde kjøpt med seg øl.

Meir frå feiringa i papiravisa tysdag 26. april