Ein ung mann, busett i Herøy, er i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 8 månader. I tillegg skal han betale ei bot på 10.000 kroner, og er frådømd retten til å køyre bil for alltid.

Bakgrunnen for straffa er fleire tilfelle av bil- og motorsykkelkøyring i rusa tilstand. Blant anna i Ulsteinvik. Ein annan gong, på strekninga Garnes–Ulsteinvik, stoppa han ikkje bilen sjølv om politiet gav teikn om at han skulle stanse.

Strekninga Fosnavåg–Ålesund på motorsykkel–har han køyrt fleire gonger utan gyldig førarkort for sykkel.

Narkotika og tjuveri

Han er også domfelt for å ha kjøpt og brukt narkotika fleire gonger, og for fleire tilfelle med tjuveri. Mannen har blant anna låst seg inn i ei leilegheit som ikkje var hans og stole me seg TV, heimekinoanlegg og ein motorsykkel.

Mannen er domfelt tre gonger tidlegare.