Ulstein kommune ber no alle tilsette svare på ei medarbeidarundersøking der dei skal gje si vurdering av eigen arbeidssituasjon. Føremålet med undersøkinga er å kartlegge kor fornøgde medarbeidarane er, både med den einskilde arbeidsplassen/avdelinga og for kommunen samla.

Dei tilsette skal kjenne seg trygge på at svara dei gjev blir handsama anonymt. Svarfrist er 30. juni. Når undersøkinga er gjennomført blir resultatet presentert for dei tilsette på kvar arbeidsplass/avdeling. Dei vil prioritere løysingar i fellesskap, der det trengst.