Måndag ettermiddag vart ei ni år gammal jente forulempa av ein eldre mann ved tunnelen (undergangen) mellom barneskulen og ungdomsskulen på Hareid.
– Det var andre folk i nærleiken som kom kjapt til, slik at det ikkje vart ei stor sak. Jenta vart ikkje fysisk skadd, men vart skremd, seier lensmann Odd Kulø til Vikebladet Vestposten.
Har tilstått
Kulø nyttar ordet “forulempa”, som ifølgje ordboka betyr “vere lei mot”. Lensmannen kan ikkje seie nøyaktig kva som skjedde, anna enn at det var ei handling som ikkje skal utøvast.
– Vi fekk tidleg gode signal på kven mannen kunne vere. Tysdag fann vi vedkomande. Han vart tatt med til avhøyr og har tilstått hendinga. Mannen kan vente seg ein reaksjon frå politiet, seier Odd Kulø.
Han presiserer at slike hendingar ikkje er vanlege i Hareid og Ulstein, og at det var gledeleg med ei rask oppklaring av saka.
Foreldra er orienterte
Rektor ved Hareid skule, Hege Tretnes, fortel at skulen har orientert foreldra om kva som har skjedd.
– Hendinga skjedde ikkje i skuletida, men vi har orientert om situasjonen som har oppstått, og ber foreldra fortelje ungane korleis dei skal handtere slike situasjonar, fortel Tretnes til Vikebladet Vestposten.