Søndag tek hjortejakta til i Noreg og med meir enn 50.000 fellingsløyver totalt på hjort i løpet av året, er perioden frå 1. september til 23. desember eit av årets høgdepunkt for mange.
Under hjorteteljingane tidlegare i år vart det registrert svært få hjort under den første teljinga på Søre Sunnmøre, men under den andre teljinga vart det sett meir hjort enn sidan 1998. Totalt vart 3755 dyr registrert under andreteljinga på Søre Sunnmøre.
Landbrukssjefen ved Søre Sunnmøre landbrukskontor, Anne Kathrine Løberg, fortel at dei fleste valda opererer utifrå ein treårig bestandsplan og at det stort sett vil vere temmeleg like tal frå år til år, men at det er rom for noko sjonglering i løpet av dei treårige periodane.
Tal frå Hjorteviltregisteret syner at det er tildelt eit dyr meir i Ulstein, frå 139 til 140, to dyr meir i Hareid, frå 160 til 162 og 30 dyr meir i Herøy, frå 98 til 128.
Ser ein på nokre av dei andre omliggande kommunar har Ørsta kommune ei tildeling på 1172 dyr, noko som er ein liten nedgang frå tala registrert i Hjorteviltregisteret for 2012, då det var gitt løyve for 1222 dyr.
I Volda er det tildelt 604 dyr i år, som er ein brukbar oppgang frå 2012 då tildelinga var 586.
Roger Nedreklepp i Volda kommune fortel at han er spent på å sjå kor mange dyr som blir skotne, sidan berre 379 av dei 586 dyra som vart tildelt i fjor vart felt.
Tildelte dyr i Ulstein i 2013:
Totalt 140
Flø 41
Ulstein/Skeide 17
Vik/Hofset 4
Ringstaddal 26
Garnes 5
Hasund/Strandabø 6
Dimnøya 14
Garshol/Botnen 4
Eiksund 20
Osnes 3
Tildelt og felt i Ulstein 2012:
Totalt 139 80
Flø 41 31
Ulstein/Skeide 16 1
Vik/Hofset 4 2
Ringstaddal 26 21
Garnes 5 0
Hasund/Strandabø 6 2
Dimnøya 14 14
Garshol/Botnen 4 0
Eiksund 20 9
Osnes 3 0
Tildelte dyr i Hareid i 2013:
Totalt 162
Hareidsdalen 60
Hjørungavåg 50
SKAU 25
Nakkane 23
Håbakk 1
Hovledet 3
Tildelt og felt i Hareid 2012:
Totalt 160 134
Hareidsdalen 60 46
Hjørungavåg 50 48
SKAU 23 20
Nakkane 23 20
Håbakk 1 0
Hovledet 3 0
Tildelt i Herøy i 2013:
Totalt 128
Raudvik/Kleppe 5
Gurskøya Nordvest 30
Indre Herøy Storvald 41
Ytre Herøy 52
Tildelt og felt i Herøy i 2012:
Totalt 98 84
Raudvik/Kleppe 5 5
Gurskøya NV 0 18
Indre Herøy 41 25
Ytre Herøy 52 36