Denne helga var Gunn Berit Gjerde (Hareid) og Pål Grødahl (Ulstein) på landsmøtet til Venstre i lag med 11 andre delegatar frå Møre og Romsdal fylke.

Grøn teknologiutvikling

For ein månad sidan hadde partileiar Trine Skei Grande og ein del lokale Venstre-representantar møte med den maritime næringa. Lærdom frå dette møtet tok dei med seg på landsmøtet.

- Når det maritime næringslivet, om det er skipsbyggjarar eller reiarar, er klare til å ta ein leiarrolle i å gjere norskekysten til ein inkubator for ny miljøvennleg teknologi, - ja då er det vårt ansvar å spele på lag med dette næringslivet, meiner Møre og Romsdal Venstre.

I hovudinnlegget sitt under landsmøtet var dette eit av bodskapa frå Pål Farstad.

Gunn Berit Gjerde tok i innlegget sitt itil orde for behovet for å tilretteleggje for grøn teknologiutvikling i samspel med oljenæringa som sit med mykje kompetanse som er verdifull i det grøne skiftet.

- Bør ikkje setje eit tal på regionar

Gjerde verna også om demokratiet i kommune- og regionreformen. Ho bad landsmøtet om å ikkje gå inn for å setje eit tal på kor mange regionar me bør ha i Noreg, slik Hordaland hadde foreslått.

- Me må ikkje leggje til nye føringer no så tidleg i kommunereforma. Når kommunereforma får byrja å teikne opp nye linjer, då kan me byrje å prate om kva regionar me vil ha. Å setje eit tal no er å gjere regionreforma til ein talreform, sa Gunn Berit Gjerde til landsmøtet, men fekk likevel ikkje medhald.

Fylkeslaget fekk likevel gjennomslag for å ikkje starte å fordele oppgåver mellom regionar og nye kommunar før komiteen som er set ned til å jobbe med dette har ferdigstilt arbeidet sitt.