- Med Æra satsar vi på eit heilt nytt konsept som gir oss rom til å spele på alle sansane. Vi ønskjer at alle som er innom oss skal oppleve ei unik atmosfære. Her skal det smakast, luktast, høyrast, følast og ikkje minst, sjåast, seier Riise i ei pressemelding.

Konseptet innheld i starten formidling av kvalitetskle og tilbehør frå anerkjente merkevarer, men som namnet tilseier er Æra eit konsept med ein vid tidshorisont, der planen er å fylle konseptet med meir innhald i tida framover. Dei har med seg ei gruppe med gode støttespelarar i utviklinga av konseptet, mellom anna tidlegare Kaffikari-gründer Kari Janne Andersen, Stine Sundnes, og Kurt Erik Myrseth som konseptuell medspelar og designar.

Les også: Riise opnar herreklebutikk i Ulsteinvik

Kaffibar

-  Det neste steget i satsinga er ein lounge, som vert ein kombinasjon av ein barista og ein bar. Her satsar vi på kaffe av ulike sortar, og andre råvarer av høg kvalitet, uttaler Riise.

- I Æra er vi opptekne av kvalitet og estetikk. Konseptet vårt er inspirert av nordisk design og arkitektur, blanda med sunnmørsk industri, natur og kulturlandskap. Det som eksisterar her i vårt klima må være fundamentert på kvalitet. Det må vere solid. Dette tek vi med oss vidare i utviklinga av Æra-konseptet.

Æra held til over 350 kvadratmeter på gateplan i Sjøgata 30 i sentrum av Ulsteinvik. Selskapet vil ha 2,5 årsverk frå starten av. Æra opnar dørene torsdag 5. november.