Ulstein eigedomsselskap vil byggje opp igjen bustad i Ringen 10 etter tomannsbustaden som stod der vart totatalskadd i brann i fjor haust og måtte rivast.
Bygget og grunnmuren er rive og dei har blitt samde med forsikringsselskapet om eit skadeoppgjer. UEKF har fått utbetalt 4,575 mill kroner, og vil få utbetalt meir når bygget vert bygd opp til same formål innan maksimum 5 år. Totalt vil dei få utbetalt 5,7 mill kroner.
Eigedomsselskapet vil byggje på same tomteområdet, men vil regulere om tomta der tomannsbusaden stod og slå den saman med tomta som tidlegare var brukt til barnehage. Då ser dei føre seg at område kan nyttast til konsentrert busetnad eller lågblokker. For å kunne gjennomføre reguleringsendring treng dei midlar til å leige ressursar til å gjennomføre dette arbeidet.
UEKF treng 6,5 millionar til omregulering av området, samt oppattbygging av nye bustadar etter tapet av Ringen 10.
Finansiering:
Reguleringsarbeid: 0,8 mill kroner Bruk av ledig ramme bustadkjøp
Utbetaling forsikring: 5,7 mill kroner
Sum finansiert: 6,5 mill kroner
Til formannskapet
I dag, onsdag, skal Ulstein formannskap gjere si tilråding til kommunestyret i denne saka. Rådmannen rår dei til å godkjenne at det kan byggjast nye bustader til Ringen, og at området vert regulert til meir konsentrert utbygging.
Ramme for investeringa vert sett til 6,5 mill kroner. Investeringa vert finansiert med oppgjer frå forsikring Ringen 10, og bruk av ledige lånemidlar frå investering i bustadar.