Kristian Fuglseth sat i forhandlingsutvalet frå Hareid, men er ikkje nøgd med resultatet.

- Eg gjekk imot avtalen fordi eg ikkje er samd i at kommunesenteret skal ligge i Ulsteinvik. Dette er i realiteten å legge sentrum for den nye kommunen til Ulsteinvik, og dermed legge ned på Hareid.

Fuglseth seier vidare at avtalen legg kommunesenter i Ulsteinvik mot at funksjonar som meir eller mindre ligg i Hareid frå før av vert lagt der i den nye kommunen. Helsehuset og funksjonane som naturleg inngår er allereie lagt i budsjettet, fortel Fuglseth til Vikebladet Vestposten.

- Dette hadde altså ingenting i avtalen å gjere. Resten av tenestene har vi frå før, så innbyggarane vinn ingenting på tilbod.

Men har ikkje Hareid fått noko tilbake også?

– Tja. Ein har fått ei utviding av kontor som til dømes kulturkontor. No vert dette lagt til Hareid, så det er bra. Men dei andre kontora og funksjonane har vi frå før.

Leiinga i Ulsteinvik

- Hareid mister også kontoret for Omsorg- og pleie i dragsuget med heile den strategiske leiinga med kommunalsjefane, rådmann, ordførarkontor og heile det politiske sekretariatet som i dag er bindeleddet mellom innbyggarane og dei som styrer. Ulstein var villige til å bryte forhandlingane for dette, og det viser kor viktig punktet er.

Fuglseth seier vidare at Ulsteinvik allereie er handelssentrum, og han forstår difor ikkje kvifor det skal vere sentrum for offentlege velferdsyrker og kommunesenter i tillegg. Han legg til at Hareid er ei god bu- og velferdskommune, og meiner det då vert feil å flytte leiinga for dette til Ulsteinvik.

Økonomiske lovander er ikkje bindande

Avtalen har mange punkt om investeringar i Hareid, og der har Ulstein vore rause, men dette bitt ikkje framtidige politikarar i økonomiske prioriteringar, seier Fuglseth.

- Nedlegging av kommunesenter i Hareid vert starta på no, men dei økonomiske lovnadene er ikkje bindande i framtida. No gjev vi frå oss styringa mot gullet i enden av regnbogen. Eg er redd for at realiteten i staden vert ei gigantgjeld som hindrar desse økonomiske lovandene. No har politikarane gått inn i ein avtale der kommunesenteret og leiinga ligg i Ulsteinvik, og det er nettopp den utviklinga vi ikkje skulle ha i Hareid.