Til nærings- og miljøutvalet sitt møte i Hareid i dag ligg det føre konsesjonssøknader frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) på to eigedomar på Hareidseidet.

SSR har tidlegare leigt desse eigedomane til deponi – og no vil dei kjøpe dei.

Den eine eigedomen, verdsett til 2 mill. kroner, er eit sameige mellom Gry Hovlid Riise, Hans Otto Rise, Severin Andreas Riise, Arnfinn Oksavik og Eli Døving Oksavik. Eigedomen har eit totalareal på 26,1 dekar med open jorddekt fastmark.

Den andre eigedomen, som er ein god del mindre (3,4 dekar), er eigd av Gry Hovlid Riise. Prisen her er sett til 231.000 kroner.

SSR, som har leigt desse areala i fleire år, har ansvar for etterdrift i 30 år etter at deponia vart avvikla, d.v.s. fram til 2039.

SSR vil kjøpe områda for å kunne ta risiko og ansvar for eventuelle nye krav som kan kome til.

Prisen tilsvarar om lag leigekostnaden for dei åra SSR har ansvar for etterdrifta av deponiet.