Litt før klokka halv to, natt til søndag, fekk politiet melding om at ein mann hadde bikka over autovernet og blitt liggande utanfor eit bustadhus på Larsnes. Då patruljen kom til staden fann dei ein særs rusa mann som var ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Han vart difor frakta til arresten i Ålesund. Ein halv time seinare vart det rapportert om ein annan overstadig rusa mann, denne gongen observert på ei trapp i Fosnavåg sentrum. Denne mannen forsvann imidlertid frå staden før politiet rakk å ta affære. På Skeide var det heimeåleine-fest med mykje støy. Eit forsøk frå grannelaget på å dempe bråket førte ikkje fram. Det vart difor ringt til politiet. Patruljen kom til staden og fekk roa ned dei unge festdeltakarane.