Lensmannskontoret i Ørsta (som er inne i ein samlokaliseringsprosess med Volda) og Herøy og Sande lensmannskontor får ikkje slike automatar. Passautomaten er slik at den som blir teken foto av, samtidig skal skrive signaturen sin - og frå januar 2010 skal han eller ho også registrere fingeravtrykket sitt i den nye maskinen. Den som vil ha pass på denne måten treng ikkje ta med seg passbilde som er teke på førehand. Unntaket er barn under 5 år. Dei må framleis først til fotograf for å ta foto, heiter det i ei pressemelding frå Sunnmøre politidistrikt i Ålesund.
Nyhende →
Ulstein lensmannskontor får to biometriske passautomatar
Sunnmøre politidistrikt er tildelt ti (10) biometriske passautomatar. Men berre lensmannskontora i Volda og Ulstein får slike automatar her på Søre Sunnmøre. Dei får to automatar kvar.