Inntektene på eigedomsskatt i Hareid i 2014 blir høgare enn budsjettert. Dette kom fram då Hareid kommunestyre i siste møte foretok ei budsjettregulering.

I 2014-budsjettet er det rekna med 2 mill. i eigedomsskatt med utgangspunkt i 0,2 promille av eigedomstaksten. Når no eigedomsskattenemnda har fullført arbeidet sitt, viser det seg at inntektspotensialet er 3,342 mill. kroner.

Auken kjem godt med ettersom inntektsprognosen for skatt på inntekt og formue i 2014 er  nedjustert med 3,2 mill. kroner.

Perny-Ann Nilsen (FrP) lurte på om det var rett å fastsetje ein totalsum no, før klagehandsaminga.

Rådmannen svara at han var trygg på at summen ville halde seg, ettersom han bygde på skatte-etaten sine takstar.