Oskar Grimstad frå Hareid skal frå 18. oktober til 14. november delta i den 69. generalforsamlinga til FN.

Generalforsamlinga er eitt av dei viktigaste organa til FN (Sameina nasjonar) og stortingsrepresentanten Grimstad (Framstegspartiet) er ein av dei som skal representere Norge. Generalforsamlinga finn stad i New York, men i løpet av opphaldet skal Oskar Grimstad og dei andre norske politikarane også besøke sentrale politiske politikarar frå USA i Washington D. C. I generalforsamlinga møter dei også mange viktige internasjonale politikarar.

- Dette gler eg meg veldig til. Vi får overvake det som skjer i generalforsamlinga av viktige diskusjonar om til dømes klima og humaitært arbeid. Vi får også vere med på såkalla "side-events", seier Oskar Grimstad til Vikebladet Vestposten.

Etter det vi erfarer er han den andre politikaren frå Hareid og Ulstein som får vere med i FNs generalformsaling. Den første var Einar Hareide.