Espen Mjønes (23) frå Ulsteinvik fekk sundag ros frå Ole Robert Reitan medan 8500 medarbeidarar i Rema 1000 høyrde på, skriv Smp.no

Rema-sjefen la vekt på for ein gledesspreiar Mjønes er. Han rosa også den unge mannen for den gode sørvisen han gjev til kundane.

Det er ikkje første gongen Espen Mjønes får ros for nettopp evna til å spreie godt humør.

Då han gjekk på Ulstein vgs. vart han kvart år, i alle tre åra, heidra til skulens humørspreiar.

Festen sundagen vart halden i Holmenkollen og Telenor Arena for å feire at Rema 1000 no er større enn Coop. Der spelte artistar som Kurt Nilsen og Donkeyboy.

- Det var ei kjempeoppleving som vart toppa med at Espen vart løfta fram på den måten, seier pappa Torger Mjønes til smp.no.