Hareid kommunestyre sa i siste møte samrøystes ja til å gi Hapark (Hareid Parkeringsselskap) ein lånegarante på 5,3 mill. kroner slik at parkeringsselskapet kan kome i gang med arbeidet sitt. Vedtaket vart gjort med atterhald om Fylkesmannen si godkjenning.

Samtidig vedtok kommunestyret, etter forslag frå Annika Brandal (V), å arbeide for at Hareid får den første hurtigladdestasjonen for el-bilar i distriktet. Brandal viste til at salet av el-bilar no aukar betrakteleg. Ho ville ha ”Grøn Kontakt” til Hareid for å halde eit informasjonsmøte.

Perny-Ann Nilsen (FrP) roste Brandal for innspelet  – og dermed vart intensjonen om ein hurtigladdestasjon bakt inn i vedtaket. Samrøystes.