Politiet har oppklara eit alvorleg misbruk av VISA-kortet til ein pensjonær ved Ulstein sjukeheim.
Misbruket skal ha skjedd i slutten av november. Det var dei pårørande som fatta mistanke og varsla politiet, som sette i gang etterforsking. Etter innhenting av løyve frå retten til å gå til ransaking i den mistenkte sin bustad, oppsøkte politiet den mistenkte, som straks vedgjekk misbruket.
Den skuldige har lova å betale tilbake pengane, men vil likevel få si straff.