Administrerande direktør Trygve Myrvang i Norges Råfisklag meiner minsteprisane er prega av ein betydeleg auke i torskekvantumet og at den europeiske marknaden er svært vanskeleg.

NTB melder at Norges Råfisklag og fiskeindustrien ved Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) og Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) karakteriserer forhandlingane som vanskelege. Men partane kom til slutt fram til semje om nye minsteprisar. Det avgjerande var at dei kom fram til minsteprisar som står seg gjennom heile sesongen.

- Usemje no ville ført til betydeleg marknadsuro og hadde vore uheldig for heile torskesektoren, opplyser Geir Ove Ystmark i FHL, som var forhandlingsleiar for fiskeindustrien.

Minsteprisen blir på 13,25 kroner for torsk/skrei over 6 kilo, 10,50 frå 2,5 til 6 kilo, 9,50 frå 1 til 2,5 kilo og 8 kroner for under 1 kilo. Snørefanga hyse på minst 8 hekto er sett til 10,50, medan sei på minst 2,3 kilo er sett til 9,25 kroner.

Den nye minsteprisen gjeld frå og med torsdag 13. desember til og med søndag 21. april 2013. (NTB).