NRK-serien «Vaffelhjarte» vann laurdag pris under Nordisk Barne Medie Festival 2013 i Danmark. Prisen dei fekk var for beste fiksjon for barn frå 0 til 6 år. Det skriv avisa Sunnmørsposten laurdag.

TV-serien er basert på ei bok skriven av Maria Parr frå Vanylven, og er spelt inn på Goksøyr på øya Runde i Herøy kommune.

Dagni Myrene frå Haddal og Simon Voldsund frå Fosnavåg har hovudrollene i serien, og spelar karakterane "Lena" og "Trille".

Frå tidlegare har «Vaffelhjarte» fått prisen for årets beste barne- eller ungdomsprogram i Gullruten, i tillegg til beste fiksjonsproduksjon under ein filmfestival i Tyskland.