Dagleg leiar og produsent av Hødd-DVD-en, Åge Grimstad i Fantastiske Osberget, fortel til Vikebladet Vestposten at salet av DVD-en har gått over all forventning.

Meirsal til Hødd

Sidan DVD-en kom til Ulsteinvik berre nokre dagar før jul, er heile 1700 eksemplar kome heim i supporterar og folk sine DVD-hyller.

– Vi har seld DVD-ar både på nett, i bokhandlarar og butikkar rundt om. Det var også kjekt å arrangere stand på Blåhuset og Amfi, kor vi selde DVD-en saman med gullskjerf og gullhue. Det bidreg til meirsal for Hødd, noko som er viktig, understrekar Grimstad.

Bedriftsmarknaden

Grimstad legg til at dei etter nyttår vil lansere DVD-en for bedriftsmarknaden.

– DVD-en er ei fin gåve til tilsette og samarbeidspartnarar. Diverre kom DVD-en så tett på jula, då dei fleste bedriftene allereie hadde sikra seg julegåver. Men DVD-en er eit dokument for framtida, som ikkje vil gå ut på dato på ei god stund enno. Ei verksemd har blant anna kjøpt inn eit større parti av Hødd-DVD-en. Det tykkjer vi er kjekt, legg Grimstad til.

– Severin er DVD-helten

Sjølv om han produsert DVD-en og spandert ein masse med tid på den saman med regissør Ragnar Hatlø, vedgår Grimstad at han har sett den opp att fleire gongar.

– Eg vert aldri lei. Vi er stolt over å kunne presentere eit slik historie for Hødd. Det er trass alt dei som har gjort det mogleg for oss å kunne lage denne dokumentasjonen. Det er på sin plass å takke klubben og leiinga deira for det gode samarbeidet, rosar Grimstad.

– Men det må jo også seiast: Severin Myklebust er jo helten i DVD-en. Mannen er jo galen, flirer Grimstad til slutt.