Av varsla i november var det 1.800 permitteringsvarsel. Det er framleis i Rogaland Nav får varsel om flest oppseiingar og permitteringar, med i alt 1.100. Hittil i år har over 16.000 av 45.000 varsel komme i dette fylket.

– Vi får framleis relativt mange varsel om oppseiingar og permitteringar i Rogaland, men det var høvesvis låge tal i resten av landet i november, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Om lag 1.100 av dei varsla oppseiingane og permitteringane kom i industrien, og bergverksdrift og utvinning. Dette heng i stor grad saman med nedgangen i oljebransjen. I Hedmark, Oppland og Finnmark kom det ikkje inn nokon varsel om permitteringar eller oppseiingar i november.

– Så langt i år er det totale talet på varsel på same nivå som i 2015, men der 2015 viste stigande tendens gjennom året, er tendensen i 2016 søkkande, seier Vågeng.

Det er berre bedrifter som planlegg å seie opp eller permittere minst ti tilsette som må varsle Nav.