Dette vart markert i form av ein opningsseremoni onsdag ettermiddag. Det var derfor ein smørblid Jan Berset (H) som talte til dei frammøtte ved den såkalla «plaskedammen».

– Den 18. juni 2014 er ein ny merkedag i Ulsteinvik si utvikling, var noko av det ordføraren sa i talen sin.

Kostnadssprekk

Av kostnadene dekkjer Ulstein kommune 30 prosent. Prislappen på prosjektet vart litt høgare enn først venta, men det aksepterer ordføraren.

– Det vart ein liten kostnadssprekk, men det må vi tole når vi har fått på plass eit så fantastisk anlegg som både har ein sikrings- og miljøfunksjon, argumenterer Berset.

Også Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som har vore entreprenørar i dette prosjektet, var godt nøgde med at prosjektet no er så godt som ferdigstilt.

– Det er kjekt å ha kome så langt at vi no kan få overlevere anlegget til kommunen. Det er flotte forhold for at barn og vaksne skal kome i nærkontakt med elva, så det håper vi skal vere til god nytte, seier regionsjef i NVE, Brigt Olav Samdal.

Fekk handbok

Samdal opplyser om at dette er eit av dei største prosjekta som NVE er involverte i. Og som ei takk for samarbeidet med Ulstein kommune, overrekte NVE ei eiga handbok om drifting av vassverk til Berset.

– Kjem du til å skumme gjennom boka dei neste vekene?

– Å skumme gjennom er vel kanskje akkurat det rette ordet å bruke i den samanhengen her. Det kjem eg nok til å gjere.

Har bada allereie

Av dei frammøtte barneskuleelevane, var det fleire som fortalde Vikebladet Vestposten at dei allereie hadde prøvd å bade i elva, sjølv om dei erkjenner at det var litt kaldt.

Mats Håndlykken og Amanda Garshol var to av dei, som begge er imponert over det store anlegget.

Men kjem ordføraren til å bade i elva utover sommaren?

– Det ser eg ikkje bort ifrå. Det kjem litt an på vêret, men det er ein del tilrettelegging her som kan vere greitt å prøve for oss vaksne også. Så vi får sjå utover sommaren kva som skjer, smiler Berset lurt.